Jærstrendene landskapsvernområde

6. Landskapsvernområdet (jf. naturvernloven § 5) ligg i fylgjande område, jf. pkt. 3:

a. På land Jærstrendene i varierande breidde på inntil 650 m opp frå strandlina på heile strekninga frå og med Randabergvika i Randaberg kommune til Oddane ved Sirevåg i Hå kommune, med unnatak av fylgjande delområde: – Tungevågen i Randaberg kommune – Strekninga frå Vistnes i Randaberg kommune til Solastranda i Sola kommune – Ølberg hamn og Ølbergstranda i Sola kommune. Alle utanforliggjande holmar og øyar inklusiv Kolnesholmane og Rott, med unnatak av Grøningane og Kjørholmane naturreservat og øyar og holmar som er omfatta av stadfesta reguleringsplan.

b. I sjø Sjøareal og undersjøisk landskap i tilknyting til landarealet og øyar ut til eit djup på 5 meter, målt ved fjøre sjø. Sjøareal og undersjøisk landskap i tilknyting til landarealet ut til eit djup på om lag 20 meter i fylgjande område: Sjøområdet nord og sør for Revtangen, frå Feistein i nord til Obrestad hamn i sør. Sjøområdet ved Ogna, frå og med fuglefredingsområdet ved Kvassheim fyr i nord til og med Ognabukta i sør.

7. Fuglefredingsområda (jf. naturvernloven § 9 og § 14) ligg i fylgjande område, jf. pkt. 3:

a. I landskapsvernområdet Sandebukta-Børaunen-Einersvika i Randaberg kommune. Rott med tilhøyrande øyar og Håsteingruppa i Sola kommune. Strekningane Reve hamn – Orre og Vik – Skeie i Klepp kommune. Strekninga Nærlandssanden – Obrestad, Øyrvika ved Kvassheim fyr og Raunen utanfor Kvalbein i Hå kommune.

b. Utanfor landskapsvernområdet Eit område i tilknyting til landskapsvernområdet på Børaunen i Randaberg kommune. Eit område på Kolnes i Sola kommune.

c. Generelt Fuglefredingsområda omfattar òg sjøoverflata utanfor dei nemnde strandstrekningane ut til ein avstand på 500 meter frå strandlina. Grensa til fuglefredingsområdet i sjøen kring Rott-Håsteingruppa er likevel vidare, og går fram av kart, jf. pkt. 3.

8. Plantefredingsområda (jf. naturvernloven § 9 og § 13) ligg i fylgjande område, jf. pkt. 3:

a. I landskapsvernområdet: Eit område ved Børaunen i Randaberg kommune. Eit område innanfor flyplassen på Sola, eit område på Byberg sør i Sola kommune. Eit område ved Revtangen, eit område ved Orre i Klepp kommune. Eit område vest for Obrestad fyr. Eit område ved Sør-Reime, eit område ved Brusand og to område ved Ogna i Hå kommune.