Jærstrendene landskapsvernområde
§ 3.Vernereglar
A. For landskapsvernområdet gjeld fylgjande reglar:
1. Alle inngrep og tiltak som vesentleg kan endre eller innverke på landskapets art eller karakter er forbode, herunder nye kloakkutslepp og andre konsentrerte forureiningar, bortlegging, brenning og lagring av avfall, herunder produksjonsavfall frå landbruket, uttak eller utfylling av masse, hausting av tang og tare på land og i fjørebeltet, sprenging av steinblokker, grøfting, fjerning av steingjerde, framføring av kablar og luftleidningar, bygging og utbetring av vegar, oppstilling av campingvogner, bilar og andre transportable innretningar, oppføring av bygningar, herunder tilbygg, oppføring av reiselivs-, sport- og idrettsanlegg og andre anlegg og faste innretningar. Opplistinga er ikkje fullstendig.
2. Ytre utforming på faste kulturminne, slik som gravminne og buplassar frå forhistorisk tid, båtnaust, båtstøer, kvernhus, forsvarsanlegg, fyranlegg, ferdselsvegar, steingardar o.l., må ikkje endrast, skadast eller fjernast utan etter løyve frå forvaltingsstyresmakta. Opplistinga er ikkje fullstendig. Forvaltingsstyresmakta kan i forvaltingsplan konkretisera og lista opp dei aktuelle kulturminna.
3. Gjødsling og sprøyting er berre tillate på eksisterande dyrka mark og beite som er i full gjødsla drift på fredingstidspunktet. Desse areala skal nærare kartfestast i forvaltingsplanen.
4. Nydyrking, herunder fulldyrking av eksisterande gjødsla beite eller overflatedyrka beite, er ikkje tillate.
5. Det er forbode å plukka eller på annan måte skade fylgjande viltveksande planteartar: Ormetunge, berghøymole, sandslirekne, trefingersildre, sølvmelde, saftstjerneblom, nikkesmelle, gulfrøstjerne, strandkål, småmure, blodstorkenebb, engstorkenebb, steinstorkenebb, sandnattlys, strandtorn, kystvintergrønn, kusymre, klokkesøte, jærsøte, smalsøte, bakkesøte, østersurt, vårmarihand, purpurmarihand, «nordsjømarihand», engmarihand, myrflangre og kvitkurle.
6. Snauhogst eller planting og såing av tre og buskar er ikkje tillate.
7. Innføring av nye planteartar er ikkje tillate.
8. I sanddyneområda kan Miljødirektoratet regulera og eventuelt forby beiting og gjødsling dersom det er naudsynt av omsyn til verneverdiane.
9. Motorferdsel på land er forbode, herunder start og landing med fly og helikopter.
10. Camping og telting er ikkje tillate i sanddyneområda.
11. Ferdsel med sykkel er ikkje tillate i sanddyneområda.
12. Ferdsel med hest er ikkje tillate i sanddyneområda, med unnatak av slik ferdsel på den vegetasjonslause strandbreidda mellom sjøen og sanddynene, og med tilkomst på transporttraséar utpeika i forvaltingsplan.
13. Golf og ballspel er ikkje tillate i sanddyneområda, med unnatak av ballspel på strandbreidda mellom sjøen og sanddynene.
14. Større arrangement og tilstellingar er ikkje tillate, med unnatak av aktivitet og område for dette etter nærare retningsliner i forvaltingsplan.