Jærstrendene landskapsvernområde

15. Forvaltingsstyresmakta kan gjerde inn og merka parkeringsområde utpeika i forvaltingsplan.

16. Miljødirektoratet kan, ved forskrift, i nærare avgrensa område fastsetta reglar for ferdsla, herunder ferdselsforbod, dersom det er naudsynt av omsyn til verneverdiane.

17. Forvaltingsstyresmakta kan godkjenna transporttraséar for motorisert ferdsel og ferdsel med hest.

18. Taretråling er ikkje tillate i ei sone som ligg mellom Reve hamn i nord og Orre-elva i sør innanfor sjøområdet ved Revtangen, jf. § 1 pkt. 6 bokstav b. Retninga ut frå land for nord- og sørgrensene for sona følgjer ein rett vestleg kurs parallelt med taretrålingsfelta.

§ 1.Avgrensing
1. Verneområda omfattar heile eller delar av dei gnr./bnr. som går fram av vedlagte liste datert oktober 2002.
2. Verneområda omfattar totalt 193,2 km² , dels med overlappande verneformer: Landskapsvernområdet utgjer 13,3 km² fastland, 4,1 km² holmar og øyar og 78,7 km² sjøareal, totalt 96,1 km² . Plantefredingsområda utgjer 2,9 km² . Fuglefredingsområda utgjer 5,8 km² landareal inkludert fastland, øyar og holmar og 104,1 km² sjøareal. Dei geologiske naturminna utgjer 0,3 km² .
3. Kart i målestokk 1:35.000 og kart i målestokk 1:5.000 og 1:10.000 datert Miljøverndepartementet november 2002 viser dei nøyaktige grensene for landskapsvernområdet, fuglefredingsområda, plantefredingsområda, naturminna og sanddyneområda. Det er 29 kart i målestokk 1:5.000 og 8 kart i målestokk 1:10.000, og desse er nummerert frå 0 til 36. Grensene for landskapsvernområdet med sjøareal og undersjøisk landskap ut til eit djup på om lag 20 meter ved Revtangen og Ogna, går fram av kartet i målestokk 1:35.000.
4. Vernereglane og karta vert oppbevart i kommunane, hos Fylkesmannen i Rogaland, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.
5. Dei nøyaktige grensene på land skal merkast av i marka etter nærare retningsliner frå forvaltingsstyresmakta, jf. § 9. Knekkpunkta både på land og i sjø skal koordinatfestast. Grensene i sjø er ikkje avmerka i felt, men går fram av kart, jf. pkt. 3.
6. Landskapsvernområdet (jf. naturvernloven § 5) ligg i fylgjande område, jf. pkt. 3: