Jærstrendene landskapsvernområde

9. Geologiske naturminne (jf. naturvernloven § 11), ligg i fylgjande område, jf. pkt. 3:

a. I landskapsvernområdet: Børaunen i Randaberg kommune. Byberg i Sola kommune. Orre i Klepp kommune.

b. Utanfor landskapsvernområdet: Reve i Klepp kommune.

10. Delar av landskapsvernområdet omfattar sanddyneområde, og desse ligg i fylgjande område, jf. pkt. 3:

Randabergvika og Sandebukta i Randaberg kommune. Solastranda – Rege, Vigdel og Hellestø – Byberg i Sola kommune. Byberg – Sele, Bore – Hodne og Reve – Orre – Vik i Klepp kommune. Refsnes – Nærlandssanden og Kvalbein – Brusand – Ogna i Hå kommune.

§ 2.Føremål

Føremålet med landskapsvernet er å ta vare på det eigenarta natur- og kulturlandskapet på Jærstrendene med sine særmerkte strandtypar og dei geologiske, botaniske, zoologiske og kulturhistoriske element som medverkar til å gje området eit særpreg. Føremålet med fuglefredingsområda er å ta vare på fuglelivet som er knytt til områda og nyttar desse som trekk-, hekke- eller overvintringsplassar, vidare å ta vare på fuglane sitt livsmiljø i områda. Føremålet med plantefredingsområda er å ta vare på sjeldne planteartar og plantesamfunn og deira naturlege livsmiljø. Føremålet med dei geologiske naturminna er å ta vare på representative førekomstar som viser korleis landet har utvikla seg gjennom tidene.